Irriterande reklame!

Reklame har vorte meir irriterande dei siste åra, i følge ei undersøking. Kva kan me gjere for å skape reklamekampanjar som engasjerer i staden for å irritere?

Mediesmio irriterende reklame

Sjølv me som er reklamefolk synest at reklame kan vera irriterande. Me er meir eller mindre som andre folk: Noko likar me og noko synest me er både irriterande og dårleg.
Faktisk er det slik at reklame har vorte meir irriterande dei siste åra. Selskapet Mindshare Norge har sidan 2016 målt kor mykje den norske befolkninga irriterar seg over reklame. Tendensen er ikkje positiv.

  • Statistikk reklame

Frå å ligge på 31% i 2016 har andelen reklame som irriterer auka til 46% i 2021. Når me samstundes opplev at det vert meir reklame og i fleire kanalar, er det på tide å rope eit lite varsko.

Er all reklame god reklame?

Samla reklameinvesteringar i Noreg har auka med 24% i same periode. Ingen er tent med at ein kastar pengar ut av vindauget. Her må reklamebransjen og annonsørane gå litt i seg sjølve. For det er ikkje slik at all reklame er god reklame.
Sjansen for at ein får meir sal og byggjer positivt omdømme kring merkevara si er langt større om dei som ser reklamen likar det dei ser, og at dei kjennar at det er relevant for dei.

Er all reklame like irriterande?

Dei ulike reklamekanalane scorar forskjellig når det kjem til irritasjon. Dei tradisjonelle kanalane scorar stort sett betre enn dei nye, digitale reklamekanalane. Kanskje fordi me er vande med å sjå reklame der, og difor irriterar oss mindre.
I nokre kanalar har mottakarane moglegheita til å reservere seg mot reklame, slik som til dømes Posten. Irriterer du deg over DM i postkassa kan du klistre på ein lapp på kassa di og så slepp du unna. Om lag halvparten av oss har valt den løysinga.
Enkelte digitale kanalar har og innført moglegheita til å kunne kjøpa seg vekk frå reklame. Eit døme er musikkstraumetenesta Spotify. Dei tilbyr ei gratis, reklamefinansiert teneste, og ei betalt, reklamefri. Så mykje som 80% av kundane vel å kjøpe seg vekk frå reklame på Spotify.

  • Irritasjon

Faktisk er det slik at dei mest irriterande reklamekanalane er dei digitale. Aller øvst på “verstinglista” tronar reklame som kjem når ein ser video på nettet, som avbrytande reklamesnuttar på YouTube eller VG-nett.
Reklame i sosiale media vert opplevd som ganske irriterande. Dette til tross for at dei digitale kanalane kan tilpasse reklamevisninga til målgruppa og slik sett vera meir relevante. Her har både reklamebransjen, mediekanalane og annonsørane heilt klart ein jobb å gjera.
Me må rett og slett laga betre reklame. Reklame som er morosam, fin å sjå på eller som gjev kunnskap og innsikt. Og me må treffe målgruppa vår, og ikkje alle andre.
Me har laga ei liste over nokre tiltak me meinar det kan vera lurt å tenke på når ein planlegg ein reklamekampanje:

7 ting me kan gjera for å skapa mindre irritasjon‍

1. Vere medviten ved val av reklamekanal
‍2. Legg ressursar i godt innhald
‍3. Ver relevante for målgruppa
4. Balanser merkevarebyggande og salsutløysande reklame
5. Bruk humor, inspirer og del kunnska
6. Gje gode tilbod
7. Selg noko kundane vil kjøpe, ikkje noko du vil selge

 

Treng du og verksemda di hjelp til å lage meir relevant og treffande reklame? Me har mykje kompetanse på området – ta kontakt på e-post for ein uforpliktande samtale om kva me kan hjelpe deg med innan reklame og marknadsføring!