Me forstår bygda

Samarbeid med lokale verksemder har vore essensielt for utforminga av Mediesmio. For å lukkast med marknadsføring må ein vera tilstades og lyttande i møte med kundar og målgrupper.

SHJ4717

Kven er kundane?

For å kunne levera god og effektiv marknadskommunikasjon er det viktig å forstå samanhengen og konteksten ein opererer i. Ein lyt setja seg inn i marknaden ein vil nå ut i. Kven er dei eksisterande kundane, og kven er dei framtidige kundane som ein håpar å få tak i? Kva treng dei, og kva ynskjer dei seg?

Samstundes må ein forstå produktet eller tenesten som skal marknadsførast. Kva eigenskapar er det som fangar merksemda til målgruppa, og kva er utløysande faktorar for at kundar kjøper produktet eller brukar tenesta? Kva er det som skapar positivt og riktig omdømme for di verksemd, ditt produkt eller tenesta du leverer?

Slike spørsmål lyt ein finna svar på for å treffa best mogeleg med markedsinvesteringar, og få mest mogeleg att for dei pengane ein brukar på marknadsføring.

  • Vossenergi voss mediesmio 07434

Mediesmio er forma av bygda

Då Mediesmio var i planleggingsfasen jobba me systematisk og målretta med å finna svar på desse spørsmåla. Me drog rundt til eit stort utval av bygdas verksemder som me tenkte på som mulige kjøparar av våre tenester, og spurde dei ut om kva utfordringar dei hadde knytt til marknadsføring. Me kartla kva dei kunne tenkja seg hjelp til, korleis dei ynskte å få tenestene levert og i kva omfang.

Kunnskapen me fekk frå desse møta la grunnlaget for Mediesmio sin visjon som medieverksemd. Undervegs i utviklinga av konseptet vår brukte me tilbakemeldingane frå lokale verksemder som leietråd. Hadde me forstått utfordringane dei ynskja hjelp med? Hadde dei tru på løysingane våre? Var det dei interesserte i tenestene me tenkte å tilby, og hadde dei vilje og evne til å betala for dei?

På denne måten fekk me testa ut idear fortløpande, og målgruppa fekk direkte påverknad på strategiarbeidet vårt. Det er denne prosessen som ligg bak slagordet «Me forstår bygda»: Samarbeid med lokale verksemder har vore essensielt for Mediesmio heilt sidan me var i støypeskeia, og har farga alt frå planleggingsarbeid, strategiutforming, organisasjonsform og kva tenester me tilbyr.

Det er viktig å hugsa at dette er ein prosess som aldri tek slutt. Det som var essensielt for ei målgruppe i går kan havne lågare på prioritetslista i morgon. Å vera tilstades og lyttande i møte med kunden er vesentleg for å lukkast, meiner me i Mediesmio.

  • VOSS NESHEIMSTUNET 29039