Nynorske nettsider
Søkemotorar nedprioriterer nynorske nettsider blant søketreffa sine – her er det me kan gjere for å sikra at nettsida di vert godt synleg på tross av språkvalet.

Søkemotorar nedprioriterer nynorske nettsider blant søketreffa sine – her er det me kan gjere for å sikra at nettsida di vert godt synleg på tross av språkvalet.
Språk og målform er tett knytt til identitet og merkevare. Å bruka nynorsk på nettstaden sin er eit naturleg valfor mange verksemder på vestlandet. Diverre medfører dette litt ekstra innsats,om ein vil sikra seg å verta godt synleg på trefflista når det vert søkt etter søkeord som er relevante for verksemda di.
Utfordringane knytt til nynorsk ogsøkomotoroptimalisering (SEO) oppstår hovudsakleg fordi søkemotorar som Google oftast behandlar nynorsk og bokmål som to ulike språk, i staden for å betrakta korresponderande nynorsk- og bokmålsord som synonym.
Lat oss ta eit eksempel: Om du søker etter «utleige» på Google får du opp 217 000 resultat, mens eit søk etter «utleie» får over ti millionar treff. Nynorsksøket inkluderer altså ikkje bokmålsvarianten av ordet, og omvendt. Når det er slik at bokmålsordet får fleire treff, vil Google ofte føreslå at ein byter vekk det nynorske søkeordet, ved å spørra: «Mente du: utleie?». Og i nokon tilfelle vil dei faktisk byte søkeordet automatisk, og kreve eit ekstra klikk om ein vil tilbake til nynorskordet («Søk heller etter utleige»).
Når me tek med at søkeordsanalyser har vist at fleirtalet av nynorskbrukarar faktisk brukar bokmålsord når dei søker på nettet, ser me tydeleg at bruk av nynorsk på nettsida kan gå hardt ut over kor mange besøk ein får via søkemotorane.
Det finst ikkje ei definitiv løysing på desse problema, men me i Mediesmio har god erfaring med kompetanse på desse framgangsmåtane:
Om ein får med alle dei viktige bokmålssøkeorda ein vil assiosierast med i metadatafelta av nettsida sørger ein for at ein ikkje vert usynleg i bokmålssøk.
Sjølv om det krev litt meir arbeid er dette ei svært god løysing for å sikra at ein vært godt prioritert blant søketreffa uansett kva målform som vert brukt av dei som søker etter deg og verksemda di.
Dette gjeld særleg titlar på dei ulike sidene og innlegga på nettstaden, då desse vert vektlagt av søkemotorane. Kanskje var det ikkje absolutt nødvendig å bruka vyrdnad og føremon i tittelfeltet, når det finst ord som respekt og forsprang, som kan brukast i begge skriftspråka? Når ein vel nøkkelbegrep for verksemda si (som namn på verksemda, slagord, produktnamn o.l.) er det lurt å gjere ei grundig søkeordsanalyse uansett kva språk ein brukar, for å sjå kor mange som søker etter desse orda.
Me skulle inderleg ønska at desse utfordringane for nynorskbruk innan digital marknadsføring ikkje fantest, og det er jo godt mogeleg at ein aktør som Google, med hjelp av store datasett og avanserte algoritmar, kan samstille søkeord på dei to skriftspråka i framtida. Enn så lenge er det beste me kan gjera å opparbeide kompetanse på dei beste og mest praktiske løysingane som finst i dag, og spre kunnskapen til alle verksemder som vil satsa på nynorske nettsider.