På tide med ekstern kommunikasjonshjelp?

Dei siste åra har det vorte stadig meir populært blant verksemder å setje bort IT-,økonomi- og HR-arbeid til eksterne medhjelparar. No er tida komen for å gjere det same med marknadsføringstenester.

NORRONA FALKETIND SVERREHJORNEVIK 13550

Kjenner du deg att?‍

Har du lansert nye produkt eller tenester som ikkje får den merksemda dei fortener blant målgruppene dine? Kanskje er nettbutikken din lite besøkt, og konkurrentar har teke over topplasseringane på Google-trefflista når ein søker etter det du driv med? Er det få i nærmiljøet som veit om kva du tilbyr, sjølv om du postar så det knakar på Facebook-veggen? Har marknadsføring ein tendens til å hamne nedst på prioriteringslista, når det er så mykje anna som må gjerast for å halde hjula i gang?

Du er ikkje åleine – det finst mange små og store verksemder der ute, som sit med ei kjensle av at det er på tide å verte betre på å marknadsføre det dei driv med, utan heilt å vite kor ein skal byrje.

  • SOGNDAL HODLEKVE 22294

Behov for samansett kompetanse

Kanskje syslar du med tankar om å tilsetje ein person til å drive med marknadsføring på heil- eller deltid for verksemda di? Kva kompetanse skal ein då etterlyse i tilsetjingsannonsen?

Jo, vedkommande bør ha ein god penn på nynorsk, bokmål og engelsk, ha erfaring med utarbeiding og gjennomføring av marknadsstrategi, vera ein kløppar på webdesign og vedlikehald av nettsider og vite ein god del om søkemotoroptimalisering. Og forresten er det vel ein føresetnad at vedkomande kan ta knallfine bilete og klippa til videosnuttar. Og det er greitt om han eller ho kan lage fine trykksaker i InDesign, og kanskje ny logo i Illustrator. Og sjølvsagt vera oppdatert på dei siste forandringane i Instagram-algoritmane og dei nyaste trendane på TikTok…

Slike marknadsførings-multikunstnarar finst vel knapt, og om ein først finn ein lyt ein tilby eit svært attraktivtarbeidsmiljø og skyhøg løn. I eit stadig meir samansett marknadsføringslandskap – der ulike digitale plattformar og verktøy vert stadig viktigare – trengst det samansett kompetanse for å kunne levere komplette kommunikasjonstenester.

NORRONA SVALBARD VESTLANDET 9457

Eksterne marknadsføringstenester

Den beste løysinga for dei aller fleste små og mellomstore verksemder vil vere å setje vekk arbeidet – outsourcing, som det heiter på fint. Det å ha ekstern IT-sjef, regnskapsførar og HR-ansvarleg har vore vanleg lenge, og no er tida komen til å gjere det same med marknadsføringstenester. Denne bransjen endrar seg raskt, med stadig nye plattformar, verktøy og digitale løysingar. Å halde seg oppdatert er ein fulltidsjobb.

Når ein nyttar eit kommunikasjonsbyrå som Mediesmio til marknadsføringsoppgåver trekk ein vekslar på eit aktivt, fagleg miljø, med spesialisert kompetanse og oppdatert kunnskap. Heile verdikjeda vert ivaretatt, frå planlegging til prosjektleiing, produksjon, publisering og evaluering. Ein kjøper kapasitet når ein treng det, utan å måtte ty til fast tilsetjing eller sjonglering av spesialiserte frilansarar.

Dette er den naturlege utviklinga i forretningslivet: Når eit aspekt ved verksemda krev stadig meir spesialisert og oppdatert kunnskap, vil det løne seg for små og mellomstore verksemder å “outsource” arbeidet. Dette frigjev tid til gjennomføring av kjerneoppgåvene og vidareutvikling av verksemda for øvrig.