Strategisk marknadsplan
Tenkjer du på strategi- og marknadsplanar som unyttig skrivebordsfyll, utan praktisk verdi? Om du fylgjer desse fem tipsa er sjansen stor for at du skiftar meining.

Tenkjer du på strategi- og marknadsplanar som unyttig skrivebordsfyll, utan praktisk verdi? Om du fylgjer desse fem tipsa er sjansen stor for at du skiftar meining.
Strategisk marknadssarbeid kan gje nyttig innsikt og forståing og vera til stor hjelp for å lukkast på marknadsplassen. Det er viktig å vera bevisst på korleis ein arbeider med dette, og kven som er involvert, til kva tid. Ein vesentlig del av strategiarbeidet er forankring i eigen organisasjon. Om ein glipp på dette er faren for å enda opp med skrivebordsfyll tilstades!
Ein vellukka marknadsplan bør byggast på oppdatert informasjon om kundar, trender og konkurrerande produkt: Snakk med dei som kjøper produktet eller tenesta di, og sett deg inn i konkurrerande produkt på marknaden.
Luftige visjonar og fine formuleringar er vel og bra, men når det kjem til utforminga av ein marknadsplan er det lurt å formulera seg konkret og praktisk. Lag mål og delmål som kan nåast – tilfredsstillinga ved å kryssa av eit oppnådd delmål kan vera viktig motivasjon for å fortsetta å fylga marknadsplanen.
Kven er det me prøver å nå fram til med produktet eller tenesta? Prøv å dela kundegruppa inn i ulike segment, og tenk på kva behov, interesser og eigenskapar som definerer kvart segment.
Legg ein tydeleg strategi for korleis du skal nå fram til målgruppa. Kva kanalar når ein best fram i, og kva eigenskapar ved produktet eller tenesta bør framhevast i marknadsføringa?
Lag ein konkret plan med utgongspunkt i spørjeorda kva, korleis, kvar og til kva tid. Om ein mistar tråden i marknadsarbeidet skal ein alltid kunne koma tilbake til denne planen og få svar. Ikkje gløym å integrera budsjettet her – kor mykje midler er planlagt brukt til dei ulike aktivitetane?
I etterkant er det viktig å evaluera. Nådde me måla våre? Kva gjekk bra, og kvifor? Kva kan me gjera betre neste gong? Dette er nyttig kunnskap å ta med seg – det er lov å gjera feil, men det er dumt å gjera same feilen fleire gongar.
Treng du hjelp med strategi- og planarbeidet? Mediesmio har mykje erfaring og kompetanse innan desse prosessane. Me har jobba med ulike bransjar og verksemder, frå smågründertiltak til store, kjende merkevarar.