.
Dagleg leiar André Bjørkhaug og designar Mari Hole har leidd arbeidet med ny Kveik-profil saman.
– Me forsto tidleg at arbeidet med ny profil kunne vera med å styrka Kveik både internt og eksternt. Dei ulike avdelingane og tilsette hadde ulike ynskje og behov, og me har lagt vekt på å inkludere dei, for at dei skal kjenne eigarskap til den nye profilen, fortel Mari Hole.
Gjennom workshops, samtaler og analyse av konkurrentar har designaren funne inspirasjon til nye visuelle element:
– Det har vore spanande å prøva å fanga det unike ved Kveik, og spegla dei visuelt. Dei er på den eine sida ein seriøs verksemd innan eit felt der tillit og profesjonalitet er svært viktig. På den andre sida har dei fokus på glede, leik og livsmeistring – då snakker du om ein identitet som kan vera både seriøs og fargesterk på same tid!, fortel Hole.
I tillegg til nye, friske fargar har Hole designa ny logo for verksemda.
– Hjerteforma, som symboliserer tillit, omsorg og støtte, er sterkt forankra i Kveik, og den har eksistert i logoen lenge. Difor valte eg å ta den med vidare, men i justert og forenkla versjon. Eg brukte faktisk bokstavar frå logoskriften for å bygga hjarta. Eg likar godt K'en i denne fonten, fordi den gjev assosiasjonar til eit menneske som beveger og strekker på seg, seier Mari Hole.
Både nettsida til Kveik og Voss Parkering er bygd med ei teknisk løysing levert av det Lillestrøm-baserte selskapet Vasser.
Ivan Kvåle Jonsson, kontormedarbeidar hjå Voss Parkering, er svært nøgd med det enkle brukargrensesnittet:
– Det er mykje enklare å raskare å få ting gjort på den nye nettsida. Løysinga er brukarvenleg nok til at eg kan legga ut og fiksa ting sjølv, og viss det er noko eg ikkje får til er det bokstaveleg talt kort veg å gå for å få hjelp, fortel Jonsson.
I arbeidet med nettsida til Voss Parkering handla det mykje om å laga ein ryddig og oversiktleg sidestruktur og å få fram hovudbodskap tydeleg. I tillegg fekk logo og hovudfarge ein liten oppfriskning.
Vasser si nettsideløysing er bygd på Craft CMS, men sjølve nettsidedataa er lagra på Vossaskyen til Voss Kommunikasjon:
– Ein av fordelane med å lagra data i Vossaskyen er at me jobbar kontinuerleg med å sikre dine data i samsvar med gjeldande norsk regelverk. Om ein lagrar nettsidedata på ein internasjonal server kan ein ikkje alltid vera sikker på kven som kan sjå informasjonen, og kva dei gjer for å trygga den, fortel Bård Magnus Fatland, rådgjevar hjå Voss Kommunikasjon.
– Når Voss Parkering såg behovet for å fornya nettsida var det naturleg for oss å sjå om dette var noko me kunne handla lokalt. Me er svært fornøgde med løysinga me fekk til slutt – nettsida er både trygg, fin å sjå på og effektiv å bruka, seier den nye, daglege leiaren for Voss Parkering, Geir Underhaug.