This is some text inside of a div block.

Tida flyr når ein har det skøy – tenk at det er eitt år sidan me starta opp Mediesmio! Her er eit tilbakeblikk på året som var, og dei flotte kundane og spanande prosjekta me har jobba med.

Oppstarten

I november flytta me inn i lokala våre, i andrehøgda i Vangsgata 30. Så gjekk tida fram mot jol med til kundemøte og våre fyrste oppdrag. Det var ei spanande tid – var bygda klar for sitt eige reklamebyrå?

Dei fyrste tilsette var fotograf Sverre Hjørnevik, digitalmarknadsførar Jenny Skiple, og André Bjørkhaug, som steppa inn som dagleg leiar for Terje Olsen, som vart sjukemeld.

Tekstforfattar med på laget

Oppdraga byrja å tikka inn, og me såg at det var behov for meir tekst- og nynorskekspertise for å greia å levera god og treffande marknadsføring til kundane. Då var det kjekt at det dumpa inn ein open søknad frå Lars Finborud i postkassa vår!

Med mykje skriveerfaring frå kulturlivet (Vossa Jazz, Osafestivalen, m.m.), inngåande kjennskap til lokale forhald og mangslungen utdanning innan litteraturvitskap, media og retorikk var han riktig mann til jobben. Finborud vart tilsett i 80% stilling i februar 2022.

Sverre, Lars og André, frå sak i Avisa Hordaland i mars 2022. Foto: Solgunn Flatebø Mandelid. Les heile Mediesmio-saka her.

Mange gode kundar på vårparten

Det viste seg at det var stor interesse for å bruka lokal marknadsføringsekspertise på Voss! Her er nokre av kundane me fekk jobba mykje med utover våren 2022:

Ny nettside, Tunge Ting, Mediesmio
Tunge Ting. Betongentreprenøren på Dalsmoen leverer betongprodukt til heile landet, og no var tida inne for ny nettside med design, webløysing, foto og tekst levert av Mediesmio.

Voss Cup. Landets største barnefotballturnering trengte hjelp med strategi og ein oppfriskning på nyhendebrevfronten. Turneringa vart ein suksess, med over 670 påmelde lag, og mange speleglade born og unge, etter fleire år med pandemi og restriksjonar.

Voss Kommunikasjon. Ein leiande aktør innan IT-tenester i regionen, og medeigar i Mediesmio. Me har jobba tett med dei heile året, med innhaldsproduksjon og strategiarbeid, nye nettsider og førebuing av jubileumskonferansen dei heldt i september.

Voss Sparebank. Vossabanken er ein viktig institusjon på Voss, og me har fått hjelpe dei med strategiarbeid, annonsar og kvalitatativ marknadsundersøkning i 2022.

Norrøna, Trek, Helly Hansen og Sweet Protection. Vår dyktige fotograf Sverre Hjørnevik har fleire gode bedriftskundar etter mange år som etterspurd frilansfotograf. Dette er nokre av dei store, internasjonale merkenamna han har tatt bilete for i 2022! Bilete er henta frå fotoshoot med alpinlandslaget i Narvik, på oppdrag frå Helly Hansen.

I tillegg laga me film til Voss herad, nye nettsider til Fortellingens Kraft, annonsar for Ulvik herad og Voss Liftutleige, og me byrja strategiarbeid for Voss Energi!

Ny designar og fast dagleg leiar

Til sommaren valde Jenny å slutta i Mediesmio, og me byrja leitinga etter ein ny designar. Me lyste ut stillinga og fekk mange sterke søknader. Den som imponerte aller mest var Mari Hole frå Ellingsøya utanfor Ålesund, med variert erfaring innan grafisk design, webutvikling og illustrasjon. Her kan du lesa meir om vår nye grafiske designar!

Andre Bjørkhaug har vore innleidd som dagleg leiar sidan oppstarten, men til sommaren vart han endeleg fast tilsett i stillinga. Med lang og omfattande erfaring innan marknadsføring, strategi, sal og leiing frå mellom anna Posten, Visma og Sparebanken Vest er André riktig mann på rett stad i Mediesmio!

Mari Hole, vår nye grafiske designar!

Fleire store oppdrag på hausten

Hausten 2022 har vore prega av nokre nye, store oppdrag og framhald av samarbeid med fleire av kundane me vart kjende med på vårparten.

På seinsommaren var det Voss Kommunikasjon som stod i fokus. Dei fylte 30 år i september, og stelte i høve i stand ein stor konferanse om datatryggleik, som me var med å planlegge og marknadsføre. I tillegg ville dei ha ei ny nettside og visuell profil som spegla verksemda og identiteten betre. Me laga design, sitemap, tekst, foto og innhald, og til den tekniske delen av nettsidebygginga fekk me hjelp av ein ny samarbeidspartnar: den norske webutviklingsverksemda Represent!

Arbeid- og inkluderingsverksemda Kveik er ein annan flott Vossa-verksemd som vil ha hjelp med identitet, strategi og nettside. Me byrja med strategi-workshop og planleggingsarbeid, og no er me i full gang med utvikling av frisk visuell profil og nye nettsider.

Denne hausten har me og byrja å jobba tettare med kraftleverandøren Voss Energi. I tillegg til innhaldsproduksjon driv me no og utviklar nye nettsider og visuell profil til verksemda saman med Represent og Logolink.

Ein stor takk

Me vil gjerne takka alle dei flotte kundane og verksemdene som har vore med å gjere oppstartsåret vårt til eit utfordrande og givande eventyr! Me gler oss til å halde fram med arbeidet i året som kjem. Me har lært mykje, og det skal me fortsette med – det er viktig å halde seg oppdatert og kontinuerleg utvikle kompetanse i den omskiftelege marknadsføringsverda om me skal levere konkurransedyktige løysingar til kundane våre.

Me ynskjer dykk ei god førjolstid,

Sverre, Mari, Lars og André i Mediesmio.