Mediesmio er alltid interesserte i å kome i kontakt med personar med unik kompetanse innan marknadsføring- og kommunikasjonsfeltet.
Kanskje har me eit oppdrag der du kan bidra med din kompetanse som frilansaktør? I framtida vil det nok og opne seg ledige stillingar i Mediesmio, når me ser kva kompetanse me treng meir av.
Uansett kan det ikkje skade å sende oss ein open søknad om du er interessert i å jobbe med oss!
Her er nokre av dei kompetanseområda me er særleg interesserte i:
- Digital marknadsføring: Det er stor etterspurnad etter kompetanse på sosiale medium, søkemotoroptimalisering og digital annonsering i dagens marknad.
- Prosjektleiing: Har du erfaring med prosjektleiing innan marknadsføring, reklame eller liknande felt? Då vil me gjerne høyre frå deg!
- Animasjon, illustrasjon og video: Er du ein framifrå animatør, illustratør eller videomakar? Ta kontakt, då vel!
- Tekst, strategi og innhaldsproduksjon: Me har allereie god kompetanse på desse felta, men kanskje har du unik erfaring som me treng?
Me gler oss til å høyre frå deg! Send open søknad til hei@mediesmio.no