Fosse Maskin og Transport

Fosse Maskin og Transport AS er ei entreprenørbedrift med base i Vik i Sogn som leverer ei rekke ulike tenester innan veg, bygg og anleggsarbeid.

Fosse mediesmio sverrehjornevik 6197

Kva

Merkevareplattform
Visuell identitet
Nettside

 

Kven

Familieverksemda Fosse Maskin og Transport AS vart stifta i 1958 i Vik i Sogn. Med stor maskinpark og brei kompetanse løyser dei entreprenøroppgåver for offentlege og private kundar over heile landet, med hovudvekt på Vestlandet.

Behov

Fosse Maskin og Transport AS skulle utvide verksemda med fleire systerorganisasjonar og auka satsing på å landa regionale anbud. I dette høvet ønskte dei ny nettside, ein fyldigare visuell profil og ein logo som kunne anvendast på store og små flater. Den må også kunne anvendast av systerorganisasjonane, og stå for heile organisasjonen.

Forventning og mål

Saman med Fosse trur vi at ein unison og samlande visuell profil vil vera eit springbrett i prosessen mot å utvide virksomheta. 

  • Mediesmio Fosse mockup mobil
  • Fosse mediesmio sverrehjornevik 5317
Fosse mediesmio sverrehjornevik 5343

Prosjektsjef Roald Himle har vore vår kontaktperson inn mot prosjektet. Saman med Roald og dei ansatte har vi modernisert logoen, utvikla presentasjon av dei ulike tenestane på nettsida og jobba med strategi. 

  • Fosse mediesmio sverrehjornevik 5804 kopi
  • Mediesmio Fosse mockup poster

fossemaskin.no