Helly Hansen og Alpinlandslaget
Eit draumeoppdrag! Sverre har vore ute i det fri saman med Field Productions og 'Attacking Vikings' aka. Alpinlandslaget for merkevara Helly Hansen.

Kva
Produksjon av innhald
Kven
Saman med filmselskapet Field Productions og Helly Hansen har Sverre følgt alpinlandslaget "Attacking Vikings" på trening og konkurranse i Norge. Tett på alpinstjernene i Narvik og på Kvitfjell for å laga innhald til kommunikasjon og marknadsføring for hovedsponsor HH.
Innhaldsproduksjon foto og video
Me skapar saman med deg, innhald som harmonerer med dine behov. Gjennom vår fotograf Sverre Hjørnevik sin unike kompetanse innan dette område, evnar me å visualisere kommunikasjons behova dine. Sverre har betydeleg erfaring med å jobbe i ulike miljø, enten det er i storslått natur, med både store og små produkt, eller med menneske i aktivitet og i arbeid. Me tar med oss kamera sekken, og knytter innhaldet ditt til dine strategiske planar. Behovskartlegging, planlegging, utvikling og produksjon av relevant innhald. For å skape visuelt innhald med den kvaliteten som kreves, ikkje berre i dag, men langt inn i framtida.

Ragnhild Mowinckel på løypesjekk i Narvik-fjellet under NM 2022.

På starten
På opptak i Narvik med Alpin landslaget. Sverre har vore på jobb med kunde Helly Hansen ved fleire høve dei siste åra. Ein del av dette har vore i arbeid med alpinlandslaget.

Frukost med Aleksander Aamodt Kilde
Alexander latar som om han han visualiserer dagen. Eigentleg lurar han nok på kvifor det står eit team på åtte personar med kamera og dokumenterar at han et frukost.