Helsearbeidaren

Rekrutteringsfilm for helsesektoren i Voss herad: Historia om Anne May sin arbeidskvardag i heimesjukepleien.

Kva

Produsent: Mediesmio/Sverre Hjørnevik
Kamera: Finn Burrows
Dronepilot: Sverre Hjørnevik
Klipp og gradeing: Finn Burrows
Foto (still): Sverre Hjørnevik

Kven

Rekruteringsarbeidet til helsesektoren i distrikta kan vera utfordrande. Voss Herad kontakta Mediesmio for å få hjelp. Saman med kunde vart me einige om å fortelja om arbeidskvardagen til Anne May gjennom film.

Behov

Rekrutteringsfilm for heimesjukepleien i Voss herad.

Voss herad og heimesjukepleien hadde ynskje om ein film som kunne skapa søkarlyst til ledige stillingar i heimesjukepleien. Eit ynskje om å visa gleda ved slikt arbeid, innblikk i kvardagen og dei gode kollegaer. Samt få fram kor viktig dette arbeidet er for dei som brukar teenestene som blir levert.

Løysing og produksjon

Anne May jobbar i Voss Herad, område vest. Tette relasjonar og kjennskap til brukar og pårørande er ein del av kvardagen.

Mediesmio fekk fylje Anne May tett gjennom ein arbeidsdag, saman med kollegaer og brukarar. Det var eit spanande møte med ein heimesjukepleiar som brenn for jobben sin.  

  • Vossherad regionvest heimesjukepleien 1753
Vossherad regionvest heimesjukepleien 1835

Anne May - sjukepleiar

  • Vossherad regionvest heimesjukepleien 0060 Pano

Heimesjukepleie
Heimesjukepleie er ei teneste til deg som bur heime, og har behov for helsehjelp eller bistand til å meistra daglege aktivitetar på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetting.


Heimesjukepleia skal bidra til at du vert mest mogleg sjølvhjelpen og får moglegheit til å bu i din eigen heim så lenge som mogleg.

Vossherad regionvest heimesjukepleien 1845

Gode kollegaer, kompetanse og trygt arbeidsmiljø