Kveik

Identitet, design og nettsideløysning for arbeid- og inkluderingsverksemda Kveik på Voss.

Kveik web mediesmio sverrehjornevik 6569

Kva

Merkevareplattform
Visuell identitet
Nettside
Innhaldsproduksjon

 

Kven

Kveik AS er ei arbeid- og inkluderingsverksemd som leverer ulike arbeidsretta tiltak for NAV på Voss, Vaksdal og i delar av Hardanger. 

Kveik sitt hovudformål er å gjera det mogleg å koma i jobb eller utdanning og hjelpa arbeidsplassar med utfordringar knytta til arbeidstakarar.

Behov

Hausten 2022 starta Kveik ei organisatorisk endring. I samband med endringa ynskja dei å utarbeide ei ny merkevareplattform, og ny visuell identitet. Identiteten skulle inkludera dei forskjellige avdelingane i Kveik, og verka samlande for bedrifta. Kveik trong å få fram breidda i kva dei kan levera til næringslivet, via målretta marknadsføring og historieforteljing. 

Forventning og mål

Målet er at denne prosessen skal bidra til ei sterkare internforankring i eit felles motiv og ein meningsfull kvardag for kvar enkelt arbeidstakar hjå Kveik. Saman med Mediesmio har Kveik utarbeida eit verdisett til internforankring, visuell identitet, innhald og nettstad. Dei ynskja at denne prosessen ville bidra til rekruttering og omdømmebygging av Kveik. 

  • Mediesmio kveik webside listevisning
Mediesmio kveik mockup mobil

På nettstaden til Kveik har me nytta klartekst og enkel kommunikasjon, og sida er universalt utforma.

  • Mediesmio kveik mockup farge og ikon
  • Me har bidratt i dei strategiske diskusjonane knytt til posisjonering, merkevarebygging og målgruppeval. 
  • Me har fasilitert workshop for styret med mål om å etablere ein tydeleg merkevareplattform, og arbeida med forankringsarbeidet i organisasjonen i høve ny strategisk retning. 
  • Saman med kveik har vi  utforma og laga ein marknads- og innhaldsplan for 2023 og utvikla ny visuell identitet og profilmanual til bruk i all kommunikasjon. 
  • Mediesmio har bygd ny nettside for Kveik basert på CMS-plattforma Craft inkl. design og innhaldsproduksjon i samarbeid med Kveik.
  • Mediesmio kveik mockup rollup