Nasjonalt villakssenter
Filmprosjekt: Laksen har vore på jorda i millionar av år – mykje lenger enn oss. I dag er atlanterhavslaksen trua i heile leveområdet sitt på begge sider av Atlanteren.
Kva
Produsent: Mediesmio/Sverre Hjørnevik
Kamera: Finn Burrows
Dronepilot: Sverre Hjørnevik
Klipp og gradeing: Finn Burrows
Foto (still): Sverre Hjørnevik
Kven
Nasjonalt villakssenter arbeider for å spre kunnskap og skapa engasjement for laksen. Mediesmio fekk i oppgåve å fortelja om villaksen gjennom laksefiskaren Alf Olsen si livslange historie og hans liv ved Lærdalselva.
Behov
Nasjonalt villakssenter i Lærdal hadde i høve etablering av ny utstilling eit sterkt behov for ein forteljande film som kunne skapa interesse og engsjement som innledning i den omfattande nye utstillinga i senteret.
Forventning og mål
Nasjonalt villakssenter sin visjon er: Villaks – felles arv – felles ansvar!
Det er ingen som eig villaksen, men han er vår. Han blir dermed også vårt felles ansvar. Felles forståing og kunnskapsgrunnlag er ein føresetnad for å samle kreftene og ta vare på villaksen. Dette er brua vi skal bygge. Då er vi avhengige av tillit. Det må vere samsvar mellom ord og handling over tid, kommunikasjonen skal vere ærleg, og det skal vere klart for alle kva vi står for.
Filmen må formidla historia til laksen, som ein forsmak på ei sterk utstilling. Den må framstå ekte og naturleg.
Løysing og produksjon
Gjennom samtalar og arbeidsmøter med dagleg leiar i Nasjonalt villakssenter, Alf Olsen Jr, og utstillingsansvarleg, Torbjørn Nielssen, vart det arbeid fram ein prosjekt plan for filmen.
Alf Olsen Jr er i tillegg til å væra dagligleiar i Nasjonalt villakssenter, femte generasjons laksefiskar i familien Olsen. Han har jobba som "kleppar" i Lærdalselva i ein årrekke, og har eit unikt og nært forhold til laksen og laksefiske.
Han har opplevd å ha mange laksar, og at laksen meir eller mindre har vorte borte. Han har levd reisa frå lakse fiske med far til fiske med barneborn. Han sitt på ein unik kompetanse om livet langs elva, og han personlege beretning om fiske og laksebestand var eit perfekt grunnlag for ei sterk historie. Alf sitt på erfaring, og i tillegg har han eit brennande engasjement for laksen. Slik blei historien og arbeidstittelen "Eit liv ved Elva, Alf si soge" til.
Alf fortel om den snikande utviklinga, om tapt erfaring for generajonar, og eit usynleg problem som er vanskeleg å forstå omfanget av. Han fortel om ei dyster framtid for laksen om me som menneske ikkje tar grep. Og tida renn ut.
Resultat
Nasjonalt Villakssenter si nye utstilling åpna som planlagt den 15. juni 2023. Filmen som til slutt fekk navnet "Usynleg utvikling" eller "Invisible change" rullar på skjerm i starten på utstillinga i senteret. Både historie forteljar Alf og besøkande til senteret har ytra begeistring for slutt resultatet, og det har gått rykter om både gåsehud og tårer i forbindelse med filmen.

Dagleg leiar i Nasjonalt Villakssenter Alf Olsen Jr, heime med flogebinding under opptak til filmen. Alf si soge og hans kompetanse la grunnlaget for ein sterk beretning om ståa i elva frå ein erfaren laksefiskar.

Ved elva. Niste, fiskeveske og sko.