Vegtilsynet

Vegtilsynet jobbar for færre døde og hardt skadde i trafikken. Me gav nettsida deira eit solid løft på designfronten!

Vegtilsynet landscape

Kva

Design
 

Kven

Vegtilsynet er eit forvaltningsorgan underlagt Samferdselsdepartementet. Målsetjinga med arbeidet deira handlar om å få ned antal døde og hardt skadde i trafikken.

 

Behov

Vegtilsynet opplevde at nettsida deira ikkje spegla godt nok kven dei er og kva dei driv med. Den var "traust" og "kommunal" meinte dei, mens dei ynskte seg eit lettare og meir folkeleg uttrykk. 

Det var eit krav om universell utforming på nettsida, og det var viktig for Vegtilsynet å finna ein god og ryddig måte å presentera teksttunge rapportar på.

Rollefordeling

Den tekniske løysinga til den nye nettsida er utvikla og levert av Mediebruket, mens Mari Hole frå Mediesmio har stått for design. 

Guro Bryn Høgheim frå Mediebruket har vore prosjektleiar og hatt hovudkommunikasjon med kunden.

Voss Kommunikasjon var oppdragsgivar på prosjektet, som totalleverandør av IT-tenester for Vegtilsynet.

Løysing

Mari frå Mediesmio har designa alle komponentane til den nye nettsida, altså alle knappar, tekst- og innhaldsblokkar. Dette seier ho sjølv om utviklinga av det nye designet:

– Designarbeidet handla mykje om å laga eit meir dynamisk og ryddig informasjonshierarki, det vil seie at ein segmenterer innhaldet på nettsida ut i frå prioritet, slik at brukarar kan halda oversikten og ikkje drukna i info. Tydelege overskrifter, meir luft rundt elementa, vegvisarar og ryddig navigasjonslinje i toppen er noko av det som bidreg til dette i det nye designet. 

Kva er du mest nøgd med i ettertid?

– Eg er godt nøgd med å ha laga eit konsekvent komponentbibliotek der alle komponentane har formrelevans til kvarandre, men at dei likevel fint kan separerast. Og det var godt å ha Guro frå Mediebruket som prosjektleiar, ho heldt kontroll på alle dei ulike ynskja og behova og vidarekommuniserte dei godt til meg undervegs!

  • Vegtilsynet history v3

    Landingssida før og etter. Søk i tilsynsrapport er putta på underside, me fjerna toradsgrid, sida har vorte meir responsiv til mobil og me har generelt gått for eit meir luftig design.

  • Vegtilsynet pages v3

    Eit utval av dei nye sidene til Vegtilsynet med konsekvent komponentbruk og fargeval.

  • Guro og Mari på møterommet.

    Guro Bryn Høgheim frå Mediebruket og Mari Hole frå Mediesmio på kontoret.

Me er så heldige å dela kontor med Guro Bryn Høgheim frå Mediebruket som har vore prosjektleiar for arbeidet, så me tok like godt ein liten prat med ho og!

Kva gjekk oppdraget frå Vegtilsynet ut på for Mediebruket?

Me skulle utvikla ein nettstad som er brukarvenleg for alle, og som gjer det enkelt å finna informasjonen ein er på jakt etter. For å løysa dette har me mellom anna fått på plass ei ny løysing for søk i tilsynsrapportane. Her kan ein enkelt kan filtrera på ønska variablar, eller utføra fritekstsøk. 

I tillegg til at nettstaden skal vera brukarvenleg for dei besøknade, skal den også vera enkel å oppdatera for tilsette i Vegtilsynet. Me har utelatt alle irrelevante oppgåver i kontrollpanelet og hatt fokus på at det skal vera ryddig og oversiktleg for redaktørane. 

Korleis var det å jobba med Mari, kva syns du om det ho leverte?

Mari er veldig dyktig! Me har jobba godt i lag undervegs, og hadde klare planar for prosjektet. Mari leverte det ho skulle, når ho skulle, og me hadde gode statusmøter undervegs der me samkøyrte oss. Dette var vårt første fellesprosjekt, og eg håper det blir fleire!

  • Vegtilsynet søk v3

    På tilsynsrapportsida skal Vegtilsynet sjølve publisera rapportar, så denne sida må vera oversiktleg og ha eit brukarvenleg design som sikrar god oversikt for brukaren.

Vegtilsynet har mykje teksttung informasjon på nettsida si. Mari har brukt illustrasjonar som formildande verkemiddel, som kan gje brukaren eit hyggeleg og fargerikt avbrekk frå teksten.

  • VT year theme illustration