Voss Energi
Innhald og ny nettside for ei av bygdas viktigaste verksemder, drifta på fornybar vossakraft!
Kva
Nettside
Innhaldsproduksjon (tekst, foto og video)
Nyhendebrev
Kven
Straumleverandøren Voss Energi forsyner Voss og omegn med fornybar vasskraft. Overskotet frå produksjonen kjem bygda og fellesskapet til gode. Me er stolte over å levera innhald og nettside til ei av dei viktigaste verksemdene på Voss!
Behov
Med dei høge straumprisane dei siste åra har mange vorte skeptiske til straumleverandørane. Difor vart det viktig for Voss Energi å visa folk korleis det ein betaler på straumreninga faktisk kjem fellesskapet og bygda til gode.
Nettsida til Voss Energi var utdatert og spegla ikkje verdiane til selskapet godt nok.
Løysing
Sidan våren 2022 har me laga innhaldssaker og nyhendebrev med hovudfokus på alle dei organisasjonane, arrangementa og aktivitetane Voss Energi sponsar lokalt.
Hausten 2023 lanserte me ei splitter ny nettside for Voss Energi saman med Vasser som har levert teknisk løysing. Med friskt design, nye bilete og video, tekst som speglar kjerneverdiane og eit omfattande komponentbibliotek har Voss Energi fått ein skikkeleg oppgradering.
I tillegg er nettsida drifta på fornybar vasskraft frå Voss Energi i kraft av å vera "hosta" på Vossaskyen – ganske stilig!

Tillit og informasjon
Den gamle nettsida mangla Om oss-side og god informasjon om selskapet.
For å oppnå tillit hjå målgruppa er det viktig å vera ærleg og tydeleg på kven ein er og kva verdiar som er grunnleggande for verksemda.
På den nye Om oss-sida rettar me fokus på kvar krafta kjem frå, kva det økonomiske overskotet frå verksemda går til, berekraftsaspektet og oppbygginga til selskapet.
Innhald til alle kanalar
Me har laga innhald med fokus på å visa korleis Voss Energi bidreg i bygda med direkte sponsing av ulike arrangement og aktivitetar innan idrett, kultur og anna.
Me har og vore ansvarlig for publiseringa i kanalar som nettside, sosiale medium og nyhendebrev.
Om designarbeidet
Intervju med Mari Hole, designar i Mediesmio.
Då Mari frå Mediesmio fyrst satte seg ned for å gå gjennom nettsida til Voss Energi, var det raskt klart at heile strukturen på sida trengte ei opprydding.

– Det låg masse informasjon laust i lufta. Vi endte med ei kjempeopprydning i navigasjonen på sida. Navigasjonen, strukturen, alle komponentane - alt er bygd opp på nytt. Me tok også alle foto i tråd med ein definert bildestil, forklarar Mari.
Samstundes som det visuelle arbeidet pågjekk, jobba teamet parallelt med innhaldet for nettsida. Dette inkluderte ei oppdatering av produktsidene, med fokus på å løfta fram og betre presentera tenestene knytta til dei. Målet var å skapa ein saumlaus flyt mellom teneste, produkt og support.
– Kunden var tydeleg på at det kjem mange telefonar med spørsmål, og at det er eit knippe spørsmål som går att. Me har difor lagt vekt på å laga ei god kundestøtteside med ofte stilte spørsmål-seksjon, slik at kundane enkelt kan finna svar her, fortel Mari.
Det tidlegare designet hadde ei gammal navigasjonsmeny med 15 menypunkt. Dette var altfor mye.
– Ideelt sett burde ein ha maksimum 7 menypunkt, og fronte det som er viktigast, rådar Mari.
Vidare skulle det leggjast til rette med informasjon på undersider, og ein heilt ny "Om oss"-seksjon måtte byggjast frå botnen av.
– Fordi me har laga innhald, artiklar og nyhendebrev for verksemda parallelt har me verkeleg fått selskapet 'under huden'. Det er gull verd når ein jobbar med ny nettside."