Voss Kommunikasjon

Trygg IT med kunden i fokus! Me har laga visuell profil, nettside og diverse innhald til IT-verksemda på Voss.

Vossk tunnelarbeid mediesmio sverrehjornevik 0645 Edit

Kva

Nettside
Visuell profil
Innhaldsproduksjon
Nyhendebrev

Kven

Voss Kommunikasjon er ein breiddeleverandør av komplette tenester innan IT, kommunikasjon, mobil og data på Voss. Dei er ei verksemd i vekst, med mykje spesialisert kompetanse og fokus på å levera trygge, oppdaterte og tilpassa løysingar til privat- og bedriftsmarknaden.

Behov

Voss Kommunikasjon har spesialisert kompetanse innan IT og telekommunikasjon og mange fornøgde kundar på bedriftsmarknaden, men kommunikasjonen utad gjenspegla ikkje dette godt nok. Nettsida deira var ein nettbutikk mynta på privatmarknaden, mens det dei eigentleg trengte var noko som spegla bedriftsløysingane deira og viste fram den mangslungne kompetansen dei sat på.

Løysingar

Slik løyste me oppgåva:

  • Me utarbeida ny visuell profil og justerte logoen til verksemda. Vår designar Mari gjekk for eit moderne, tydleg og gjennomarbeida design, med ein sprelsk refleksaktig aksentfarge!
  • Me utarbeida ny nettside med fokus på menneska og tenestene. I staden for å fronta produkt framhever Voss Kommunikasjon no løysingar, kompetanse og høg servicegrad på nettsida si.
  • På innhaldsfronten har hovudfokus vore å laga gode, evig aktuelle reportasjeartiklar om kva Voss Kommunikasjon har levert til sine bedriftskundar. Sakene vert sendt ut i nyhendebrev, og vert plasserte på "aktuelt"-sida på nettsida.
Vossk mockups

Designar Mari har laga ein moderne, tydeleg og gjennomført visuell identitet til Voss Kommunikasjon.

  • Vossk font
  • Vossk mediesmio ansatte 1645 kopi min

    Dei nye bileta av dei tilsette skal visa fram menneska bak teknologien og tenestene.

  • Vossk div bilder

    Sjølv om ein driv med data og IT betyr ikkje det at ein sit på kontoret foran skjermen heile dagen.